Siderhttp://aquilterstable.blogspot.no/p/tutorials.html

mandag 27. februar 2017

Meir Provence...

Denne kollasjen ligg på Quiltville si facebookside. Her er teppet mitt øverst til høgre. Det er veldig mange som som har vore med på denne moroa, flest i USA sjølvsagt. 
Men i Gloppen Lappe- og Quilteklubb, min lokale klubb med litt i overkant av 30 medlemmar, er vi 5 jenter som har sydd eller syr på En Provence. Det tykkjer eg er ganske kult!
Faktisk er dette mønsteret så kjekt å sy at eg kunne gjerne tenke meg å sy fleire....
Eg viser til gårsdagens innlegg for meir info.

Link til Bambisyr på måndag.


søndag 26. februar 2017

Blog anniversary!

This date 10 years ago I made my first blog post. So much has happened these years with regards to pleasure and sorrow and challenges healthwise. But blogging has been a joy for me, I have learned so much and also got to know many nice people with the same interests as me. I'm indeed grateful!

Now the mystery quilt top is nearly done, I "only" have to make a border (pictures further down). 

Link to Kathy's Quilt.


 26.02.07 laga eg mitt første blogginnlegg, altså er det 10 år sidan i dag! Det har vore mange gleder, sorger og utfordringar desse åra. Det å blogge har gjort mykje positivt for meg, då det har bidrege til meir fokus på lappeteknikk, og eit relativt stort kontaktnett.  Det er mange som kuttar ut bloggane sine no, kanskje fordi det er for tungvint i høve til Instagram. Eg vil halde fram med å blogge eit par gonger i månaden, om ikkje anna for min eigen del. Eg har eit bra knippe med bloggar som eg les med stor glede jamnleg, og eg prøver å legge inn kommentarar.


No er toppen på mysteriet nesten ferdig, det står "berre" att ei bord. 


Denne linjalen kjøpte eg direkte frå Bonnie Hunter på Quiltville. Det er litt av eit funn!



En Province har veldig mange hour-glass-blokker, og dei kan vere tidkrevande å få nøyaktige. Men her tek ein utgangspunkt i 2" striper, 4 stykker, 2 og 2 mot kvarandre, og for kvart kutt blir det til heile blokka. Ingen reinskjering anna enn å klippe av dog-øyra!
Eg fekk ikkje linjalen før eg var ferdig med sjølve teppet, men skal bruke dei i ramma rundt. Då må eg lage m a n g e....





Denne veka har det vore vinterferie. Det har vore mykje sosialt og kjekt. I dag har Rygg songlag vore på sjukeheimen med fastelavnsbollar, korsong og allsong. Det er alltid kjekt å glede dei gamle!


mandag 30. januar 2017

Januar-prosjekt.

What I have been working on in January. I have started a scrap buster project with flying geese and civil war reproduction fabric. Temecula is the inspiration!
And the Bonnie Hunter Mystery is slowly moving forward.
While watching TV I have made a new Advent calender, tiny knitted mittens in typical Norwegian patterns. 24 mittens. I have also done this some years ago.

Eg er veldig inspirert av reprostoffa mine for tida! Til desse flygande gjesene har eg starta i restekista til desse stoffa. Eg bruker ein annan metode enn Temecula (sjå link i høgre marg).  Søk på youtube og Bonnie Hunter, så finn du korleis. Det er ein skikkeleg enkel og nøyaktig måte å sy dei på! Til desse har eg berre kutta remser på 2 1/2 inch, og så har linjalane gjort resten, og blokkene endar på 2 1/2 x 4 1/2 inch. 

 Bambisyr med sin Quiltegledje,  eg linkar til deg i kveld!


En Provence går sakte framover. No har eg laga 5 blokker, og kutta og sydd mange deler. Eg skal ikkje lage full storleik med 16 blokker, men kanskje 9.


Det har vore ein del sport på TV i januar, og då har eg strikka eit nytt sett med desse adventsvottane. Dei er veldig kjekke å strikke!


torsdag 26. januar 2017

Reproduksjonsstoff og fotefar...

Some years ago I had a big interest in reproduction fabrics, and I collected a LOT.
These fabrics make me feel good, and I want to give them another chance throughout this year, by following Temecula's Wild Gees a week. 
No pressure project!

Along with my interest for ancient fabric and quilts, I also enjoy reading about our ancestors who went to America during the last two centuries. This novel by Edvard Hoem is a good read, and also the other book Skrinet by Olgunn Haugen (a relative of mine) is very interesting. In this book a lot of my own family history is presented.

Etter å ha rydda og systematisert i reproduksjonsstoffa mine, blei eg inspirert til å lage noko med dei. Desse stoffa held seg, og eg blir glad når eg jobbar med dei. Kva er då betre enn å følgje eit lavterskelprosjekt med Temecula, ved å sy flygande gjess gjennom dette året? 



Bøkene eg presenterer i dag, heng på ein måte ihop med stoffa, ved at dei er historiske. Boka til Edvard Hoem er ei fryd å høyre på. Ho er ei blanding av verkelegheit og fiksjon, ei bok å bli rørt av og få ny lærdom av.

Olgunn Haugen si bok står i ei særstilling. Denne forfattaren er tremenning av faren min, og ho tek føre seg slekta til sin bestefar og såleis også til min oldefar. Det er såleis ei nær og kjær bok for meg. Alt i denne boka er bygt på fakta. Tusen takk, Olgunn, for at du gjennomførte dette prosjektet!
Linkar til omtale står attmed bileta.


Bilderesultat for bror din på prærienHer er link til omtale.




Bilderesultat for olgunn haugen   Her er link til omtale.

søndag 15. januar 2017

Trip around the world and a charity project!

This lap quilt was finished today! Fleece on the back. 



Søstre for søstre!

Gloppen Lappe- og Quilteklubb har hatt dugnad nr. 2 i Desiree Øvretveit sitt landsomfattande prosjekt, å sy toalettvesker til krisesentra.
Her er mitt bidrag denne gongen.
Under har Janne famnen full, og vel så det!