mandag 21. mai 2018

Another finish, a UFO, flowers and birds.

Another quilt is finished, Svennebrevet, a BOM from Lappemakeriet (2011). 


23. mai 2011 laga eg det første innlegget om Svennebrevet på gamlebloggen  min (blogginnlegg nr. 500). 
I dag 21. mai 2018 blei prosjektet fullført. 7 år, det er utruleg!
Toppen har lege ferdig i fleire år, men likevel... Uansett, no er prosjektet i hamn, med deilig lun fleece på baksida. Det skal vere slumreteppe. 

Lappemakeriet har hatt mange fine månadsblokker. Eg har laga nokre av dei. Eg diggar stoffa dei plukkar ut, ei blanding av repro og nyare stoff. 

Eg har lagt ut eitt prosjekt for sal, husteppet, men sidan ingen vil kjøpe det til redusert pris, trur eg at eg likevel bestemmer meg for å sy det sjølv.








Sommarblomster er komt i krukker. Rekordtidleg for min del, men vi har hatt stabilt sommarver i fleire veker no, så det kan ikkje vere så mykje å vente med.



Fuglane er framleis på besøk for å få mat. No er blada kome på trea, så det blir eit anna uttrykk i bileta. Berre vanlege fuglar denne gongen. Fine er dei. Og framleis kan vi nyte fuglesongen om kvelden og tidleg på morgonkvisten.





3 kommentarer:

  1. This is such a beautiful quilt you've made!! Stunning work on this...hugs, Julierose

    SvarSlett
  2. What a beautiful quilt! Love the way all the blocks work together.

    SvarSlett
  3. Nydelig teppe! Og fine fugler.

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!