More scrap busting. I have a plan!
Eg er framleis i avskjær-modus, og lite anna blir sydd. Eg ønskjer meg verkeleg ein designvegg!
Denne veka har klubben vår hatt utstilling på Sandane senter, dette i høve 20årsjubileet. Vi har lotteri som skal avsluttast i august, der inntekta går til krisesenteret i Florø.
Denne maksiveska er mi, og grei til utstillingstepper mm.
Meir om utstillinga på bloggen til Gloppen Lappe- og Quilteklubb.
Eg har svært mykje civil war reprostoff i skuffene mine. Dei er framleis kjære for meg, men eg ønskjer å selge unna. På facebookgruppa Quilteutstyr mm har eg lagt ut ting for sal. Kik gjerne om der er noko som kunne freiste. Der er m.a. 2 heile KITS, seier ikkje meir...
Litt nytt kjem inn. Eg kjøper mest lokalt sjølvsagt, men har god kontakt med Helene Juul i Danmark, som har mykje moderne stoff. Til høgre er nokre nye av Alison Glass (batikkar).
Det er i det heile svært begrensa kva eg kjøper av nye stoff no. Men det blir ein del vatt o.l.!
Konfirmasjon i Kjølsdalen i går, eg nøyer meg med dette biletet av to grandnieser, Anne og Sarah, som bur langt frå kvarandre, men som er bestevener!
Tenksom kar i vippestolen.
Litt meir frå fuglelivet utanfor kjøkenglaset.
No er det høgsesong med fuglesong om kvelden, det er flottaste tida på året!
We have had only few birds at the feeder during the winter months, but suddenly more birds have come. I think they enjoy some "fast food" while they are busy courting and building their nests!
SvarSlett